tirsdag 6. desember 2011

Forståing av blender og lukkertid

Å fryse ein bevegelse. Det var det vi prøvde på her. Dette
er eitt bilde, det er ikkje sett saman av to stykker. Vi hadde
på sjølvutløysar, eg satt heilt i ro, medan Veronica sprang
fram og tilbake. Då fanga vi dette øyeblikket. Fargane var
veldig gule, så difor ville eg redigere det. Eg tok bakgrunnen
i ein raud/rosa frage for å få fram Veronica. Så tona eg meg sjølv
litt ned, slik at eg ikkje skulle bli så gul. Slik blei resultatet.
Kamera stod på desse innstillingane: f/22, ISO-1600 og den
største blendaropninga. 
Her prøvde vi også å fryse ein bevegelse. Eg måtte vere kjapp
med å ta bilde før Veronica datt ned att.
På dette bildet er det den største blendaren som er brukt, f/5,6
og ISO 400. Dette bildet er litt redigert. Det eg gjorde var å
redigere bildet svart/ kvitt. Eg synst bildet blei betre då.
Her har vi også fryst ein bevegelse. Eg
og Veronica fann raskt ut at vi ville bruke snøen. På dette bildet
brukte eg den største blenderopninga og f/5,6. ISO stod på 400.
Dette bildet er ikkje redigert.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar