onsdag 6. juni 2012

Monotypi

Dette går ut på at ein har eit bilete, der ein har vald seg eit motiv ein vil bruke. Når ein har vald det, set ein i gong med trykket. Då har ein ei glasplate som ligg oppå det motivet, og det papiret ein vil motivet skal bli trykt på. Deretter ruller vi over motivet med ein skal malerull, og ''tada'', der har vi vårt eige monotypi.

Det var litt vanskelig å få til. For det er ikkje så enkelt at det blir heilt ''reint'' på bildet. Det kom mykje svarte klarttar rundt om, men det var ikkje til å unngå. Eg har ikkje fått laga så mange trykk, for eg held på med å lage ein film til skulen. Men eg er nøgd med det blå trykket mitt. Det synst eg at eg fekk til. Det raude var det fyrste eg laga, så då såg eg at eg måtte gjere noko litt annleis, for å få fram motivet slik som eg ville. Eg liker det eg har fått til.

Under kan du sjå to monotypi trykk eg har laga.



søndag 3. juni 2012

Kreativ motefotografi

Denne gongen gjekk oppgåva ut på slik som overskrifta tyder. Vi skulle ta morosame bilde, med gamle klede. Det skulle ikkje vere noko skjønnheitskonkurranse. Gruppa mi valde 80-tals stilen.
Etter at vi hadde tatt nok bilde, og var nøgde med dei vi hadde tatt, skulle vi redigere eit av bilda, og lage det til eit bilde som skulle vere på ein magasin. Vi skulle også velje 5 bilde som vi var emst nøgd med. Det var veldig kjekt og spanande. Under kan du sjå korleis prosessen gjekk føre seg.

Det var dette bilde av valde som mitt utgangspunkt for magasinet. Her kan ein sjå kleda representerer 80-talet. Etter mykje redigering, vart eg svært nøgd med mi framside. Og under ser du resultatet:



Under er dei 5 beste bilda som eg blei mest nøgd med. Ingen av dei er redigerte. Enjoy!








tirsdag 10. april 2012

Street Art

Me fekk ei oppgåve på skulen, der me skulle lage eit arbeid som var inspirert av streert art. Dette var ikkje det heilt enkle å kome på kva eg skulle velje. Men etter om og men fann eg eit ordtrykk på google, der det stod ''dream more, work less'', men eg syntes det passa betre med ''dream more, worry less''. Dette passar til  alle, og det er noko alle kan tenkje over.

For å lage dette, skreiv eg ut dette ordtaket, og skjærte det ut med tapetkniv. Det var ikkje enkelt å skjære det ut, for ein måtte vere veldig nøyaktig og forsiktig. Eg hadde jo òg mange bokstavar, og tok difor veldig lang tid, og det trengtes stor tolmodighet. Eg skjærte ut i ein veldig tynt papir, så sjablongen min blei øudelagt etter to trykk. Eg måtte difor skjære alt ut ein gong til på eit tjukkare papir. Men dette papiret var i ein anna størrelse enn det forrige, og det blei difor litt skeivt. Det kan ein sjå på bildet under.

Eg blei ikkje heilt nøgd med bildet, for det kom litt malingsflekkar rundt bokstavane, og det blei litt rotete. Det irriterer meg òg at sjablongane var i ulik størrelse. Det blei ikkje heilt slik eg hadde sett det for meg. No i ettertid lurer eg på om eg skulle ha valgt kvitt papir, for då hadde fargane vorte enda sterkare, og kanskje finare. Men gjort er gjort. 



søndag 19. februar 2012

Vurdere ulike typar fotografi

Det finns mange ulike typar fotografi. Det er tre typar sjangrar eg skal ta for meg, vurdere og samanlikne dei med kvarandre. Det er reportasje, dokumentasjon og kunstuttrykk. Kva forskjellar er det mellom desse? Er dei like på noko vis? 

Reportasje:
Denne sjangeren blir brukt i media, til dømes aviser, radio og tv. Reportasje går innunder sjangeren sakprosa, altså noko som har skjedd. Den er fakta basert. Reportasjen er bygd opp med ein overskrift, ingress, brødtekst og bilde. Reportasjen er meir omfattande enn kva referatet er. Eit døme på dette kan vere om ein fotballkamp. Eit referat om denne kampen, tar berre for seg det som skjedde på banen, medan ein reportasje frå den same kampen, tar kanskje med eit intervju med trenar/ spelarar og kva som skjedde på tribunen blant supporterane. På grunn av dette, kan det vere kjekkare å lese ein reportasje enn eit referat. Ein får eit større bilde om kva som skjedde på denne kampen, og vi får høyre korleis andre sitt synspunkt på denne kampen var, og ikkje berre journalisten sitt synspunkt. Altså så prøver ein i ein reportasje å òg gje ein del bakgrunnsstoff for sjølve hendinga. Då bruker ein fleire sjangrar, til dømes referat, intervju eller skildring. Eit viktig element i ein reportasjar er bilde. Det finst ein eigen sjanger for bilde, altså bildereportasje.                                                     






’’Illsint bjørn angreip Per’’. På dette bildet ser eg ein død bjørn som ligg i den kvite snøen. Han har vorten skutt, og munnen er på vidt gap. Det er store kontrastar mellom bjørnen og den kvite snøen. Der bjørnen har vorten skutt, er det mykje blod. Dette gjev også store kontrastar mellom han og snøen. Alt blodet og munnen på vidt gap, gjer at bildet blir meir dramatisk. Det får lesaren til å bli interessert, og vil lese artikkelen om kva som er årsaka til at bjørnen er skutt. Bildet er blitt teken av fotografen Pernilla Wahlman. Det blei teken i sambandet med artikkelen som stod på nettavisa til VG. Dette er eit døme på reportasjebilde. 

Dette var eit bilde som umiddelbart trakk til seg mi merksemd. Det var eit slikt bildet, som gjorde at eg berre måtte lese om kva som var skjedd her. Det hadde ikkje vore like interessant å lese artikkelen utan dette bildet. 




Her er eit anna døme på reportasjefotografi. Det er eit bilde av John Carew. Bildet er teken av Terje Pederesen. Bildet blei tatt i samband med nettavisa til BA. Det er nesten eit slags sjølvportrett. Fargane harmonerer fint i lag. Carew ser nesten litt trist ut, men likevel eit lurt smil på lur. Den lilla bakgrunnen gjer det enda meir spesielt, men spesielt på ei fin måte. Det er kun Carew som står i fokus, så den lilla bakgrunnen er uskarp.

Eg valde dette bildet fordi det var så rolig og varmt, men likevel var det noko med det. Dette var og eit bilde som fekk meg til å lese artikkelen. Men her må du kanskje vere litt fotballengasjert om du vil lese ein slik artikkel.  

Dokumentasjon:
Ein bruker dokumentasjon når ein skal gjere eit arbeid. Ein skriv ned før arbeidet, under og etter at arbeidet er gjort. Når ein har gjort dette kan ein sjå kva som var bra, og eventuelle feil som kan rettast på. For å kunne dokumentere må ein òg observera. Dokumentasjon er veldig mykje brukt innan ein jobb der ein jobbar med menneske. Det er viktig at dette blir utført riktig og forsvarleg. På sjukehus har pasientane sine journalar. Her er mykje dokumentert. Kva medisinar dei får, kva som er gale med pasienten og kva som er gjort med pasienten. Dokumentasjon sikrar samarbeid mellom de som utfører arbeidet. 


Dette er eit bilde som viser ein perm med mange journalar, som til dømes blir brukt på sjukehus. Her er permen veldig i fokus, og vi skjønar kva det er. Det er ikkje mange fargar med i bildet. Faktisk består bildet kun av 3 fargar. Men ein perm med nokon journalar har ikkje akkurat så mange fargar heller. Eg veit ikkje kven som har tatt dette bildet.

Eg liker dette bildet, fordi da var ein spesiell måte å vise eit dokumentasjonfotografi. Det er ikkje berre tatt av eit papir, men gjort på ein annleis måte. 

   

Her er eit anna døme på dokumentasjon. Folk som jobbar innan bransjane som, helse, politi og brannmenn må skrive dokumentasjon på kva som forgjekk og kva dei gjorde under utrykkinga dei var med på. Her er bildet av ein perm som tilhøyrer brannvernet. Her er den raude permen ein sterk kontrast i forhold til dei kvite papira som held på å ramle ut av permen. Kanskje permen er raud fordi den tilhøyrer brannvernet? Uansett er dette eit godt bilde. Eg veit ikkje kven som har teikna dette bildet.

Eg liker det fordi det er eit annleis bilde enn kva ein forbinder med dokumentasjon. Det gjelder litt som det bilde over, det er ikkje berre tatt rett av eit papir med noko skrift på. Det er gjort på ein meir kreativ måte. 

Kunstuttrykk:
Foto som kunstuttrykk er eit fotografi som ikkje har noko anna meining enn å vere kunst. Denne typen fotografi er den typen som kanskje er mest vanleg. Innanfor denne sjangeren er alt lov. Det er ingen grenser. Ein kan leike seg med blender, lukkartid og photoshop. Men det som er viktig er at det skal vere behaglig å sjå på, men òg skape interesse. I løpet av åra som har gått, har dette utvikla seg mykje. Vi har fått  mykje fleire moglegheiter til å lage slike kunstuttrykk. Vi har fått meir teknologi som gjer dette mogleg. Før i tida hadde dei ikkje slike moglegheiter, som til dømes photoshop. Då hadde dei berre kamera som tok svart/ kvitt bilder.  



Dette er eit døme på eit kunstutrykkbilde. Det er eit enkelt bilde, og som nemnd over, har det ikkje noko anna meining enn å vere kunst. Vi ser to store vassdråpar i eit blått vatn. Dråpane er i bevegelse, noko som gjer at bildet blir stilig. Eg veit ikkje kven som har tatt dette bilde.

Eg liker dette svært godt fordi det er så enkelt, men likevel mykje liv i. Det består berre av tre fargar, blå, kvitt og svart, men gjev mykje liv i bildet. Det er kanskje litt redigert, det veit eg ikkje, men det er fullt tillate i kunstutrykkbilde.  



Her er eit anna døme på kunstuttrykkbilde. Her er det nokon som har leika seg med photoshop, som eg nemnde over, er det typiske trekk ved desse bilda. Her trur eg det er nokon som har brukt mange forskjellige brushes. Det er eit fargerikt bilde som består av så og sei nesten alle dei fargerike fargane vi har i verda. Nokon plassar er det blomar, nokon plassar er det sommarfuglar og blomar. Eg veit heller ikkje kven som har laga dette bilde.

Eg liker dette bilde fordi det er så fargerikt og fint. Eg blir ikkje så forvirra av det, for det går an å sjå kva som er på bilde. Der er kreativt laga, og sett saman på ein god måte. 



Dette er eit bilde eg tok i haust. Dette bilde går inn under kategorien kunstuttrykk. Sidan det er ein kategori som gjer at eg kan gjere nesten det eg vil, gjekk eg laus i photoshop og gjorde det litt meir dramatisk.

Bilde er av eit blad som er på veg ned, og har fått fargen knall lilla. Bakgrunnen består av ein litt mystisk grøntone, med litt svart i. Eg synest det blei stilig til slutt eg!






tirsdag 7. februar 2012

Nigel Barker


Nigel Barker blei født i England 27. april i 1972. Han blir altså 40 år. Han er forfattar, taleperson, filmskapar, mote fotograf og tidligare modell. Han er nok mest kjend for å vere dommar og fotograf i reality serien America’s Next top model. I999 gifta han seg med modellen Christen Chin, og dei bur i New York med sine to born. 

Utdanning og Karriere
Då han blei eldre bestemde han seg for å studere innan medisin, men mora hans som var tidligare Miss Sri Lanka, ville han skulle melde seg på eit TV-show som modell. Showet heitte The Clothes Show. Han enda opp med ein 2. plass, noko som starta modell karrieren hans. Han jobba som modell i rundt 10 år i alle dei store mote byane, London, Milano, Paris og New York. På grunn av modell karrieren hans, fekk han god sans for mote. Og i 1996 bestemde han seg for å bli fotograf. Han opna sitt eige studio med namnet StudioNB i Manhattan. Dette studioet er no tatt over av Meat Packing District. Han har tatt mange bilder for dei store magasina. Til dømes GQ, Seventeen, Ford osv.  



5 bilder som Nigel har tatt:
Bilda hans er på ein måte ganske like, sidan han er motefotograf, og har tatt dei fleste bilda sine gjennom America’s Next top model. Dei er ganske enkle, og det er ikkje noko typiske trekk ved hans bilde. Eg synast at han er flink til å få fram auga, sjølv om det er mykje anna, eller ingenting med i bilda. I nokre bilde bruker han ein litt sånn dramatisk effekt, dette gjer bilda interessante og spanande. Mange av bilda går i svart/ kvitt, altså ein veldig enkel og stilrein stil. Kanskje dette har med å gjere at han tar bildet av modellar i ein konkurranse, at dei skal klare å vise seg fram, sjølv om det ikkje er noko anna med i bildet som kan trekkje merksemda?  Under ser du nokre bilde han har tatt: Dette er Nigel Barker. 

 







Til slutt skulle vi herme etter eit av bilda. Eg blei inspirert av det bildet med den jenta som har maling i fjeset. Det var artig å etterlikne dette bildet, men det var samtidig veldig vanskeleg. Eg brukte veldig lang tid på å få malinga til å likne hans maling. Etter det tok det lang tid å finne ein bra bakgrunn, slik at eg fekk fram personen i bildet på ein god måte. Etter mykje arbeid, gjenstod det ein del redigering. Eg gjorde huda hennar litt lysare, slik at det skulle bli enda meir likt. Gjorde bakgrunnen litt mørkare, og justerte litt på lysstyrken. Nedunder ser du resultatet:



onsdag 18. januar 2012

Mi meining om 1. termin

Eg synst det har vore ein kjekk termin. Me har jobba med masse forskjellige oppgåver. Det har vore lærerikt og kjekt. Den kjekkaste oppgåva vi hadde, trur eg må vere den oppgåva med paraplyen. Det var ei kreativ oppgåve, der vi fekk bruke både kamera og photoshop mykje. I neste termin vil eg kanskje at vi skal bruke enda meir kamera, slik at vi kan lære litt meir om det. Det hadde også vore kjekt å prøvd litt trykk. Det har eg ikkje vore borti før, så det hadde vore kjekt å sett korleis det fungerte. Kanskje litt mindre bruk av photoshop. Er litt lei av å jobbe med det. Men alt i alt har det vore ein kjekk og fin termin!

tirsdag 17. januar 2012

Appropriasjon

Vi skulle finne eit maleri som vi ville endre på. Eg brukte lang tid på å velje kva for eit maleri eg skulle velje, så eg måtte bruke google for å finne eit. Etter ei stund fant eg dette bildet:

Bildet er laga av Margareth Mo Schalander. Eg fann raskt ut kva eg ville gjere med det. Eg ville ha meg med i bildet, for å gjere det ekstra originalt og personleg. Så eg bestemde meg for å bytte ut jordbæra med små hovuder av meg.
Det fyrste eg gjorde var å finne ei hand på google, som var litt lik på bildet over. Etter at eg hadde gjort det fann eg det bildet eg ville ha av meg. Eg ville ha litt av jordbæret i bildet mitt, så eg bestemde meg for å farge håret mitt i ein jordbærfarge. Siste finish'en på jordbæra av meg, sette eg inn ein slik grunn dusk på hovudet. Då eg var komen halvveis, såg det slik ut:
Men eg ville ikkje ha hendene i svart/kvitt. Så då endra eg på fargane på dei. Eg ville heller ikkje ha fjesa så mørke, så eg gjorde dei lysare. Slik blei det ferdige resultatet:
Alt i alt blei eg ganske så fornøyd, sidan eg ikkje hadde noko idé å gå utifrå. Men eg synes bildet er originalt, og det er noko eg har funne på sjølv.