tirsdag 6. desember 2011
tirsdag 22. november 2011
Julekort til skulen
tirsdag 15. november 2011
Framside til søkjar/ inntakskatalogen
onsdag 9. november 2011
Dyr av frukt og grønnsaker
Dette er original bilde. |
tirsdag 25. oktober 2011
Oppgåve 5, manipulasjon
Dette er original bilde mitt som eg jobba ut i frå. |
tirsdag 4. oktober 2011
Paraply
Kva bilder kan vi ta med paraply? Nedanfor er det nokon eksempel. På dette biletet stod innstillingane på f/5,6, 1/50 sek og ISO-100. |
Originalen. |
Sverre på tur. Dette biletet er redigert. Har tatt bildet i svart/ kvitt, og viska på skona og hjullastaren. Innstillingane på kamera stod på: f/9, 1/160 sek, ISO-800. |
Dette er eit bilete av Siv. Det er ikkje redigert. Kamera stod på desse innstillingane f/20, 1/160 sek, ISO-1600. |
Originalen. |
Dette biletet er redigert. Tok det i svart/ kvitt, og viska fram fargen på paraplyen for å få litt liv i biletet. Kamera stod på desse innstillingane: f/22, 1/160 sek, ISO 800. |
Originalen. Det skjedde noko med biletet då eg skulle beskjære det, og det gjekk ikkje an å gjennopprette det. |
Her er eit hoppe bilete av Sverre. Biletet er redigert i svart/ kvitt og så har eg endra litt på kontrastane . Kamera stod på desse innstillingane: f/11, 1/160 sek. ISO er 800. |
lørdag 1. oktober 2011
Fotokokurranse
Her er dei tre bilda eg sendte inn til fotokonkurransen:
Grunnen til at eg valgte dette biletet er fordi det ikkje er redigert og eg synst eg klarte å få fram fine, vakre fargar. Det gjorde det til eit spesielt bilete. |
Dette valgte eg for eg prøvde å få til den slørete effekten som me har øvd på. Det synst eg at eg klarte her. Dette biletet er redigert. Tok kontrastane litt opp. |
Dette bilete valgte eg fordi det er så stor kontrast mellom himmelen og fjorden. Dette bilete er heller ikkje redigert, noko som gjer det spesilet. |
onsdag 21. september 2011
tirsdag 20. september 2011
Kva er ...
Kompaktkamera:
Eit kompakt kamera er eit kamera som er veldig enkelt. Det ligg eigentleg i namnet. Det er lite og kompakt. Det er som regel få knappar og ’’dippeduttar’’ på dei, og er difor enkle å forstå. Ein anna grunn er og at det skal vere enkelt og ta dei med seg rundt om, dra lett opp av lomma og knipse eit bilete i full fart.
Speilreflekskamera:
Dei som liker veldig godt å ta bilde har ein fordel med speilrefleks. Grunnen til dette er at det er så mange fleire funksjonar ved eit speilrefleks enn ved eit kompaktkamera. Speilreflekskamera er mykje større og tyngre enn eit kompaktkamera, men det har så mange fordelar at det er verdt det. Namnet på kamera er etter korleis kamera er bygd opp. Vi kan eigentleg seie at lyset passerer gjennom objektivet og blir reflektert via ein spegel som er framføre lukkaren.
Eksponering:
I kameraverden vil dette seie kor lang tid det tek frå ein har trykt på knappen til bilete blir tatt, altså til ein høyrer ferdig-lyden. Dess lenger tid det tek før bilete blir tatt, dess meir lys kjem det inn i kamera. Viss det er dårleg med lys er det nødvendig med lang tid. Viss ikkje kan hende det ikkje blir heilt som ein hadde tenkt, og det blir mørke bilete.
ISO-verdi:
ISO-verdien bestemmer kor mykje lys ein treng for å eksponere bilete riktig. Ein kan velje ISO-verdien sjølv på alle funksjonane utanom auto. Auto bestemmer sjølv kva ISO-verdien skal stå på for å oppnå raskast mogleg lokkartid. Kva verdier ein kan velje mellom, varierer frå kamera til kamera. I dei fleste tilfeller treng ein ikkje endre ISO-verdien. Det kjem heilt an på kvar ein er , og korleis lysforholda er. Men ein kan seie det slik:
· Ved normalt godt lys eller ved bruk av blitz – ISO 100-200
· Ved dårleg lys, innandørs, teater, konsertar osv – ISO 400-800 høgare
· Ved nærbilder – ISO 50-100, viss det er moglegheiter for det.
Fordelen med høg ISO-verdi er at ein kan bruke raskare lokkartid slik at ein unngår uskarpe bilete på grunn av bevegelse i kamera.
Mørkerom:
Det ligg eigentleg i namnet kva eit mørkerom er. Eit mørkerom er eit rom som er heilt mørkt. Det er ofte utan vindauge, eller så er vindauga godt tetta igjen, slik at det ikkje skal komme lys inn. For at rommet skal verte enda mørkare, er romma ofte malt i mørke fargar. Rommet blir brukt til å framkalle bilete.
Det digitale mørkerom:
I eit digitalt mørkerom, blir du brukt digitale verktøy for å få fram bileta. Det vil seie i staden for kjemikalar som blir brukt i eit vanleg mørkerom. Det digitale mørkerom:
søndag 11. september 2011
tirsdag 6. september 2011
Portrett
Her er eit portrett av Martin. Biletet er tatt med mitt eige kamera. Innstillingane stod på f / 10,0 og 1/ 13. Hensikta med biletet er eigentleg berre å få fram personen i naturleg lys ute.
mandag 29. august 2011
Kva er dybdeskarphet, blender og lokkartid?
LOKKARTID:
Viss ein har kort lokkartid kjem det lite lys inn, og eventuelle bevegelsar i bilete blir fryst. Med lang lokkartid kjem det mykje lys inn, og eventuelle bevegelsar blir uskarpe.
BLENDER:
Blendaren er ein mekanisme som regulerer lysmengda som kjem inn i kamera. Ein blendar er eit hol ein kan regulere størrelsen på, ved hjelp av eit antall lameller som sitter i ein sirkel.
DYBDESKARPHET:
Det området som blir vist skarpt og tydeleg i eit bilete, blir kalla dybdeskarphet. For å få til denne måten å ta bilete på, er avhengig av fleire faktorar, men kort sagt kan vi seie at stor blendaropning gir liten dybdeskarphet, medan liten opning gir stor dybdeskarphet.
søndag 28. august 2011
5 bilder av meg og mine interesser
Sjølvprotrett av meg. |
Eg likar å finne på mykje rart med dei. |
Eg likar å vere med vener. Me finn på mykje rart. |
Eg likar å oppleve nye ting. Nye minner er kjekt. Her er eit bilde frå Rihanna konserten for to veker sidan. Her oppvarmar Tinie Tempah for Rihanna. |
Eg likar også å reise og oppleve nye plassar. Her er eit bilde frå Tyrkia. Meg og kusinene mine. |
Abonner på:
Innlegg (Atom)