Me fekk ei oppgåve på skulen, der me skulle lage eit arbeid som var inspirert av streert art. Dette var ikkje det heilt enkle å kome på kva eg skulle velje. Men etter om og men fann eg eit ordtrykk på google, der det stod ''dream more, work less'', men eg syntes det passa betre med ''dream more, worry less''. Dette passar til alle, og det er noko alle kan tenkje over.
For å lage dette, skreiv eg ut dette ordtaket, og skjærte det ut med tapetkniv. Det var ikkje enkelt å skjære det ut, for ein måtte vere veldig nøyaktig og forsiktig. Eg hadde jo òg mange bokstavar, og tok difor veldig lang tid, og det trengtes stor tolmodighet. Eg skjærte ut i ein veldig tynt papir, så sjablongen min blei øudelagt etter to trykk. Eg måtte difor skjære alt ut ein gong til på eit tjukkare papir. Men dette papiret var i ein anna størrelse enn det forrige, og det blei difor litt skeivt. Det kan ein sjå på bildet under.
Eg blei ikkje heilt nøgd med bildet, for det kom litt malingsflekkar rundt bokstavane, og det blei litt rotete. Det irriterer meg òg at sjablongane var i ulik størrelse. Det blei ikkje heilt slik eg hadde sett det for meg. No i ettertid lurer eg på om eg skulle ha valgt kvitt papir, for då hadde fargane vorte enda sterkare, og kanskje finare. Men gjort er gjort.