onsdag 18. januar 2012

Mi meining om 1. termin

Eg synst det har vore ein kjekk termin. Me har jobba med masse forskjellige oppgåver. Det har vore lærerikt og kjekt. Den kjekkaste oppgåva vi hadde, trur eg må vere den oppgåva med paraplyen. Det var ei kreativ oppgåve, der vi fekk bruke både kamera og photoshop mykje. I neste termin vil eg kanskje at vi skal bruke enda meir kamera, slik at vi kan lære litt meir om det. Det hadde også vore kjekt å prøvd litt trykk. Det har eg ikkje vore borti før, så det hadde vore kjekt å sett korleis det fungerte. Kanskje litt mindre bruk av photoshop. Er litt lei av å jobbe med det. Men alt i alt har det vore ein kjekk og fin termin!

tirsdag 17. januar 2012

Appropriasjon

Vi skulle finne eit maleri som vi ville endre på. Eg brukte lang tid på å velje kva for eit maleri eg skulle velje, så eg måtte bruke google for å finne eit. Etter ei stund fant eg dette bildet:

Bildet er laga av Margareth Mo Schalander. Eg fann raskt ut kva eg ville gjere med det. Eg ville ha meg med i bildet, for å gjere det ekstra originalt og personleg. Så eg bestemde meg for å bytte ut jordbæra med små hovuder av meg.
Det fyrste eg gjorde var å finne ei hand på google, som var litt lik på bildet over. Etter at eg hadde gjort det fann eg det bildet eg ville ha av meg. Eg ville ha litt av jordbæret i bildet mitt, så eg bestemde meg for å farge håret mitt i ein jordbærfarge. Siste finish'en på jordbæra av meg, sette eg inn ein slik grunn dusk på hovudet. Då eg var komen halvveis, såg det slik ut:
Men eg ville ikkje ha hendene i svart/kvitt. Så då endra eg på fargane på dei. Eg ville heller ikkje ha fjesa så mørke, så eg gjorde dei lysare. Slik blei det ferdige resultatet:
Alt i alt blei eg ganske så fornøyd, sidan eg ikkje hadde noko idé å gå utifrå. Men eg synes bildet er originalt, og det er noko eg har funne på sjølv.

tirsdag 10. januar 2012

Sjølvportrett i Andy Warhol stil


     Dette er eit bilde av Marylin Monroe laga av Andy Warhole.
Under er eit bilde av meg som eg har laga som skal vere i
Andy Warhol sin stil. Eg har laga eit som er originalt.
        Eg prøvde å få fram same effekten i bildet som 
      Andy Warhol har brukt. Det var ikkje enkelt å
         få det til. Det fyrste eg gjorde var å farge håret, 
          leppene, huda, bakgrunnen og kleda i den fargen
        eg ville ha. Deretter ville eg finne ein effekt som 
 kunne få fram eit enda meir originalt bilde.
          Men eg vart ikkje heilt fornøgd med det ferdige
           resultatet. Så då la eg originalen oppå det andre 
                eg nett hadde laga, slik at eg fekk litt av dei fargane
          eg hadde valt på det  bildet, over på det andre. 
                                       Deretter fann eg ein  effekt som eg likte godt. Slik blei resultatet.