onsdag 21. september 2011
tirsdag 20. september 2011
Kva er ...
Kompaktkamera:
Eit kompakt kamera er eit kamera som er veldig enkelt. Det ligg eigentleg i namnet. Det er lite og kompakt. Det er som regel få knappar og ’’dippeduttar’’ på dei, og er difor enkle å forstå. Ein anna grunn er og at det skal vere enkelt og ta dei med seg rundt om, dra lett opp av lomma og knipse eit bilete i full fart.
Speilreflekskamera:
Dei som liker veldig godt å ta bilde har ein fordel med speilrefleks. Grunnen til dette er at det er så mange fleire funksjonar ved eit speilrefleks enn ved eit kompaktkamera. Speilreflekskamera er mykje større og tyngre enn eit kompaktkamera, men det har så mange fordelar at det er verdt det. Namnet på kamera er etter korleis kamera er bygd opp. Vi kan eigentleg seie at lyset passerer gjennom objektivet og blir reflektert via ein spegel som er framføre lukkaren.
Eksponering:
I kameraverden vil dette seie kor lang tid det tek frå ein har trykt på knappen til bilete blir tatt, altså til ein høyrer ferdig-lyden. Dess lenger tid det tek før bilete blir tatt, dess meir lys kjem det inn i kamera. Viss det er dårleg med lys er det nødvendig med lang tid. Viss ikkje kan hende det ikkje blir heilt som ein hadde tenkt, og det blir mørke bilete.
ISO-verdi:
ISO-verdien bestemmer kor mykje lys ein treng for å eksponere bilete riktig. Ein kan velje ISO-verdien sjølv på alle funksjonane utanom auto. Auto bestemmer sjølv kva ISO-verdien skal stå på for å oppnå raskast mogleg lokkartid. Kva verdier ein kan velje mellom, varierer frå kamera til kamera. I dei fleste tilfeller treng ein ikkje endre ISO-verdien. Det kjem heilt an på kvar ein er , og korleis lysforholda er. Men ein kan seie det slik:
· Ved normalt godt lys eller ved bruk av blitz – ISO 100-200
· Ved dårleg lys, innandørs, teater, konsertar osv – ISO 400-800 høgare
· Ved nærbilder – ISO 50-100, viss det er moglegheiter for det.
Fordelen med høg ISO-verdi er at ein kan bruke raskare lokkartid slik at ein unngår uskarpe bilete på grunn av bevegelse i kamera.
Mørkerom:
Det ligg eigentleg i namnet kva eit mørkerom er. Eit mørkerom er eit rom som er heilt mørkt. Det er ofte utan vindauge, eller så er vindauga godt tetta igjen, slik at det ikkje skal komme lys inn. For at rommet skal verte enda mørkare, er romma ofte malt i mørke fargar. Rommet blir brukt til å framkalle bilete.
Det digitale mørkerom:
I eit digitalt mørkerom, blir du brukt digitale verktøy for å få fram bileta. Det vil seie i staden for kjemikalar som blir brukt i eit vanleg mørkerom. Det digitale mørkerom:
søndag 11. september 2011
tirsdag 6. september 2011
Portrett
Her er eit portrett av Martin. Biletet er tatt med mitt eige kamera. Innstillingane stod på f / 10,0 og 1/ 13. Hensikta med biletet er eigentleg berre å få fram personen i naturleg lys ute.
Abonner på:
Innlegg (Atom)